Skip to main content

Kunsten å lage plingplong

Dette er eit gratis fordjupingstilbod for elevar på Sunnmøre. Det er tre samlingar der du får høve til å utforske, eksprimentere og trylle med musikk. Du treng ikkje eige instrument eller forkunnskapar. Samlingane er lage i samarbeid mellom Ulstein kulturskule, Ørsta kulturskule, prosjektet kulturmosaikk og Tonehimmelfestialen. 

Alder: Frå 15år og oppover. 

Antal elevar: 8.

25.november: LYD – ULSTEIN KULTURSKULE
- Gjere seg kjend med kontaktmikrofonteknikk.
- Gjere seg kjend med ulike typar lydkjelde.
- Gjere seg kjend med ulike typar effektprosessering.
 
27. januar: MATERIALE – ØRSTA KULTURSKULE.
- Utforske det å konstruere eit instrument frå ulike materialar.
- Lage eit grunnlag for eit musikalsk materiale.
- Utforming av instrument til eigen arbeidsflyt.
 
16. mars: UTØVING LYD OG MATERIALE
- Utforske ulike verktøy for komposisjon og improvisasjon.
- Utforske ulike lytteteknikar knytt til musikk som er ukjend.
- Utforske musikalske forløp og formoppbyggingar.
 
Lærarar: Hans Robert Bondhus og Robert Løkketangen.

 


 



Påmelding

Kunsten å lage plingplong