Skip to main content

Elevbetaling

Elevplass kr. 3400,-

Blir fakturert kr. 1700,- haust og vår

Matreriellkostnadar visuelle kunstfag kr. 400,-

Blir fakturert kr. 200,- haust og vår.

Undervisningsmateriell notar kr. 400,-

Blir fakturert kr. 200,- haust og vår.

Instrumentleie kr. 500,-

Blir fakturert kr. 250,- haust og vår.

Kulturskulen har 20% moderasjon for sysken, denne gjeld også elevar ved fleire disiplinar.

Krav om brukarbetaling vert sendt ut frå økonomikontoret i Ulstein kommune.

Enkelte familiar kan ha behov for å søke om redusert elevbetaling gjennom Kontantkassa

 

Vedtekter

Gjeldande frå 01.08.2021

  1. Ulstein kommune skal gje eit kulturskuletilbod i samsvar med Opplæringslova §13.6 og Rammeplan for kulturskulen med dei rammer som til ei kvar tid er fastsette av kommunestyret.
  2. Alle som ønsker å bli elev ved Ulstein kulturskule må søke på elektronisk søknadsskjema gjennom heimesida vår: ulsteinkulturskule.no. Påmeldinga er bindande og gjeld for eitt skuleår. Dato for oppseiing er den same som for påmelding og er sett til 30.april. For born og unge under 18 år, må føresette søke.
  3. Dei som har fått elevplass ved kulturskulen, eig plassen til han vert oppsagt skriftleg. Elevplassar kan ikkje «gå i arv» eller overtakast av sysken. Eleven eig elevplassen også ved søknad om endring av disiplin, til plassen vert skriftleg oppsagt. Ved utmelding etter frist, er ein å rekne som elev ved kulturskulen følgjande skuleår.
  4. Kulturskulen kan registrere påmeldingar heile året. Opptak kan også gjerast i løpet av skuleåret, dersom det er ledig kapasitet. Kriteria for opptak frå ventelista er påmeldingsdato, alder på søkar og ei totalvurdering frå rektor og faglærar
  5. Skuleåret er delt inn i 2 semester, haust/vår. Undervisningsåret ved kulturskulen har 36 veker og følgjer skuleruta til grunnskulen.
  6. Satsane for elevplass vert fastsette av kommunestyret, og krav om brukarbetaling vert sende frå Ulstein kommune haust og vår. Det vert gitt 20% moderasjon for søsken og elevplass ved fleire disiplinar. Manglande betaling etter purring, vil kunne føre til oppseiing av plass.
  7. Fritak for elevavgift ved utmeldingar midt i eit skuleår kan ikkje imøtekomast. Ved flytting eller legeerklært sjukdom kan ein søke til rektor om fritak.
  8. Elevane må sjølve dekke kostnader til notar og anna undervisningsmateriell. Der ein treng notemateriale frå kulturskulen vert det kravd avgift for dette. Det same gjeld materialkostnadar for visuelle kunstfag.
  9. Ulstein kulturskule har eit avgrensa tal instrument for utleige. Utleige skjer mot føresette si underskrift på eige skjema. Elevane skal sjølve dekke utgifter til utstyr som td strengar og flis. Dersom instrumentet vert skadd, skal det straks meldast frå til rektor. Elevar/føresette må sjølve betale for skaden om den skuldast vørdlaus eller dårleg handsaming av instrumentet. Maksimumstid for leige av instrument er tre år. Leige utover dette må avtalast med kulturskulen.
  10. Ulstein kulturskule kan ved kortidssjukdom, der det er vanskeleg å skaffe vikar, avlyse enkelttimar utan at skulepengane vert refunderte. Elevane må rekne med endringar i timeplanen ved Kulturskulen sine prosjektframføringar.
  11. Elevar skal møte presis og godt budd til undervisning. Sjukdom og anna fråvær skal varslast direkte til lærar. Forsømte timar vert ikkje erstatta.
  12. Eventuelle klager skal sendast til Ulstein kommune.
  13. Endring i vedtektene skal leggast fram i Levekårsutvalet for endeleg avgjerd. Prinsipielle og vesentlege endringar skal handsamast av kommunestyret.