Skip to main content

Stig Grimstad



Stig er utdanna lærar med grunnfag musikk frå Volda lærarskule der han hadde tuba som hovedinstrument. Det vart lite tuba, men mykje synging som 1.bass i Det Norske kammerkor og damer med mannskor. Første åra i Ulstein jobba han som gitarlærer i musikkskulen og som musikklærar i ungdomsskulen. 

Han vart utfordra til å starte opp Fjøresteinane på UVS i 2010 og er svært glad for rammene han fekk til å "bygge" Fjøresteinane. Det vart litt av ei reise! Han er like glad for samarbeidet mellom Hareid og Ulstein kommune som gjer det mulig og halde fram dette viktige arbeidet.
 
 
 
Kva kjenneteiknar deg som lærar, Stig?
"Eg har alltid vore oppteken av meistring og få elevane lengst mulig på veg. Tolmod og fokus er viktig. Med Fjørestenane har eg lært mykje om tolmodigheita mi. Gode relasjonar tek tid å bygge. Her er kontinuitet viktig og ein må bygge stein på stein."

e-post : stig.grimstad@ulstein.kommune.no

Telefon : 92821935

Lærer i:
Fjøresteinane