Skip to main content

Trekkspel

Trekkspel er eit anvendeleg instrument og kan brukast til alt frå klassisk musikk til pop, jazz og gammeldans/folkemusikk. 

Frå 1.kl.

Instrumenta er laga i ulike størrelsar og med ulike system. Det finst knappar, tangentar, melodibass og standardbass. I Ulstein kulturskule bruker alle elevane norsk system, men det er og mogleg å få undervisning i dei andre systema. Vi har nokre trekkspel til utleige. Dei fleste av dei er i barnestørrelse og passar derfor godt til elevar frå 1.klasse. På undervisningstimen får eleven lære å spele etter notar, men vi bruker også ein del gehørspeling. 

Trekkspel er eit sosialt instrument som fungerer godt i samspelgrupper, og ein utviklar seg også raskare saman med andre. Vi anbefaler derfor alle til å delta på samspel!


Påmelding

Trekkspel