Skip to main content

Susann Worren Hauge



Susann har bachelor i musikk frå høgskulen i Volda, med fokus på vurdering for læring i kulturskulen.  
Ho jobbar også som rektor for Sande kulturskule.

 
Kva kjenneteiknar deg som lærar, Susann?

"Eg brenn for at elevane skal oppleve glede og positiv sjølvutvikling gjennom instrumentalopplæringa. Born og unge som søker til kulturskulen har ulike draumar og forventningar til det å spele eit instrument. Eg er oppteken av å lytte til kvar enkelt elev, undersøke kva dei ønsker å lære og saman finne vegen til målet. På vegen er det viktig å ha ei stor og rik verktøykasse, som elevane kan bruke til å skape gode musikalske opplevingar på instrumentet. Eg ser at samspel har stor verdi, og eg er oppteken av å legge til rette for dei som ønsker å dele ei felles musikkinteresse. Å gi eleven mestringserfaring er grunnsteinen i undervisninga mi."

e-post : susann.worren.hauge@sande-mr.kommune.no

Telefon : 91643676

Lærer i:
Klarinett, saksofon og tverrfløyte.