Ulstein kulturskule vart skipa i 1975, og er ein svært viktig del av born og unge sitt kultur- og oppveksttilbod.

Kulturskulen har tilbod innan dans/ballett, og visuelle kunstfag i tillegg til den tradisjonelle musikkopplæringa.

På  begge desse tilboda kan du starte frå 1.klasse. 

Noken har imidlertid større behov for tilrettelegging av opplæringen enn andre, derfor har vi tilbod om Alternativ musikkundervisning, Musikkompaniet og Fjøresteinane.

Kulturskulen har også i perioder tidsgrensa teikne- og malekurs for ungdom.

Vi har også tilbod om Musikkbarnehage.

Ulstein har eit rikt korpsmiljø.  Til sammen er det 5 korps i kommunen, 3 skulekorps og 2 voksenkorps.

Kulturskulen har salg av tjenester til instrumentalopplæring for aspiranter, gruppeøving, aspirantkorps og direksjon.  

Dette gjer at korpsa har sikra kvalifiserte lærarar. Dei fleste av blåseelevane i kulturskulen er knytta til eit korps.

Hvis du har lyst å vere med å spele i korps, kan du finne meir informasjon om korpsa ved å sjå på heimesida til det enkelte korps. Skulekorpsa er organisert kring skulene i nærmiljøet.  

Ytre strøk er strykeorkesteret for kulturskuleelevar i frå Hareid og Ulstein, nokre av desse elevane deltek også i Ungdomssymfoniorkesteret.

Ulstein kulturskule held til på Reiten og det meste av undervisninga er lagt hit.

Dersom det melder seg nok elevar, vert undervisninga lagt til elevane sin eigen skulekrins.

 

​Pedagogisk plattform for oppvekstsektoren i Ulstein 

Besøksadresse:
A-blokka, Reiten 20, 6065 Ulsteinvik