Skip to main content

Jan Ramstad


Jan har mastergrad frå USA i utøvande klassisk piano. Og praktisk pedagogisk utdanning frå høgskulen i Volda. Han jobbar også ved Hareid musikk og kulturskule.

Gitar har alltid vore ei stor interesse, og han begynte å spele gitar før han tok til å lære piano. Særleg har fokus vore på elgitar, og han har spelt i fleire band. Utanom individuell undervisning har Jan hatt ansvar for ulike samspelgrupper og band. Kunnskapen om og erfaringa Jan har med frå både klassisk og rytmisk musikk gjer at han har stort fokus på kva elevane ynskjer å lære og tilpassar undervisninga til kvar enkelt. Han nyttar mykje datateknologi i undervisninga som eit verktøy til hjelp for eleven si læring. 

Kva kjenneteiknar deg som lærar, Jan?
"Det sosiale er i samspel med det faglege. Kjenneteiknet på eit godt læringsmiljø er at det er kjekt og triveleg. Den gode stemninga gir motivasjon og det vert lettare å lære og å meistre. Læraren har den faglege ansvaret for å rettleie eleven slik at dei kan nå sitt potensiale. Men lærar og elev er avhengig av kvarandre, at det er eit samarbeid. Læraren kan ause av si verktøykasse og av sitt metoderegister utan å nå inn til eleven. Derfor er det heilt nødvendig å lese eleven for få kontakt, og å vere særs lyttande, og empatisk. Ein må tilpasse undervisninga eleven, og eleven må få vere med på å bestemme og vurdere si eiga læring. Med dette oppnår ein gjensidig respekt."

e-post : jan.oddvar.ramstad@ulstein.kommune.no

Telefon : 97655216

Lærer i:
Gitar og piano